fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 391 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 987 aktive nå, 33 375 arbeidsgivere og 151 999 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!
Nav Askøy har to ledige faste stillingar som rettleiarar, ei i avdeling Arbeidsliv og ei i avdeling Tenesteavklaring og forvaltning. Begge stillingane inneber oppfølging av brukarar over 30 år etter regelverk for sjukepengar og arbeidsavklaringspengar.
Den eine stillinga er organisert i vårt sjukefråværsteam, med oppfølging av brukarar med mål om å behalde sitt arbeid.
Den andre stillinga er organisert i vårt arbeidsavklaringsteam, med oppfølging av brukarar med arbeidsavklaringspengar som enno ikkje er klar for arbeid.
På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vi held til i nye, aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy. Vi er 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar.
Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.
Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Sofie Overgaard, Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning, [phone], [email protected] Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Arbeidsliv, [phone], [email protected]
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 02.11.2026
Først observert av fakt: 19. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 19. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.