Vil du vere med og utvikle fagmiljøet ved Nav Bergen vest?

NVNav Bergen vest
LODDEFJORDFast Publisert 14 t sidenFrist 30. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet100/100Hvordan?
Lønn63 333 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 126 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 126 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 683 aktive nå, 32 957 arbeidsgivere og 146 959 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillingen



Nav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 komm

unale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat.


Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling som fagansvarleg.

Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.

Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar.

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.

Kva går jobben ut på?

    planleggje og gjennomføre opplæring for nye og etablerte medarbeidararformidle fagstoff, regelverksendringar og nye arbeidsmåtar på ein tydeleg, engasjerande og pedagogisk måtevere fagleg støttespelar for leiarar og kollegaer
    sikre informasjonsdeling, kompetansedeling og læring på tvers av kontoretsamarbeide tett med den andre fagansvarlege, leiargruppa og regionale fagmiljøvere pådrivar for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og implementering av nye arbeidsmåtaroppfølging og rettleiing av eiga brukarportefølje

Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

    fullført utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravetbrei fagleg erfaring frå Nav sine statlege tenesteområde, og god kunnskap om relevant lovverk, sakshandsaming og arbeidsprosessarerfaring med rettleiing og oppfølging av brukararevne til å formidle komplekst fagstoff på ein pedagogisk, tydeleg og engasjerande måtesvært god skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Det er ein fordel om du har

    erfaring med opplæring, fagleg rettleiing eller kompetansedelingerfaring med Nav sine fagsystem, og digital kompetanse som gjer at du raskt kan setje deg inn i ulike digitale systemkunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring

Kven er du?

    ein pådrivar og støttespelarsjølvstendiggod til å samarbeide og skape engasjement for endringtrygg på å ta faglege avgjerder i krevjande situasjonarpedagogisk og motivert av å lære opp og utvikle andre

Kvifor velje oss?

    ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke fagleg kvalitet, læring og utvikling ved kontoreteit fagmiljø med høge ambisjonar for tenesteutvikling og gode resultat
    fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og ein time trening i arbeidstidastillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Erik Ottesen, avdelingsleder, 99037851Ingvild Haugland, fungerende enhetsleder, 93209972

Arbeidssted

Loddefjordveien 25171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgiver: NavReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 30.10.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverNVNav Bergen vest1 stilling i databasen