fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 384 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 980 aktive nå, 33 374 arbeidsgivere og 151 975 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vår noverande opplæringskoordinator hoppar straks inn i nye arbeidsoppgåver i Nav og etterlet seg difor ein spennande jobb!
Kan det vere at akkurat DU har lyst til å gi fleire moglegheita til utdanning, kvalifisering og arbeid?
Nav region Sunnfjord dekker kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Regionen består av ca 100 tilsette - alle veldig klar for å ynskje deg velkomen til eit godt arbeidsmiljø og høve til å påverke opplærings- og kvalifiseringstilbod i fylket. Litt meir spesifikt vil du ha arbeidsplass på regionkontoret Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Sjølv om fleire av oss er mykje på farta der "det skjer" har vi kontorplassen vår på Sunnfjord rådhus. Ikkje berre har vi kjekke, engasjerte og dyktige fagfolk på kontoret, du vil også møte ein fleksibel arbeidsplass kor du både kan nytte trening i arbeidstida, bli kjent med heile gamle Sogn og Fjordane og ikkje minst legge opp din eigen arbeidsdag.
Vi søkjer med dette ein engasjert opplæringskoordinator som vil vere med på å styrkje samarbeidet mellom Nav, utdanningssektoren og arbeidslivet. Målet er at fleire skal få den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, og at fleire skal få moglegheit til å fullføre utdanning og kome i arbeid.
Dette er ei stilling for deg som trivst i skjeringspunktet mellom menneske, kompetanseutvikling og arbeidsliv. Rolla kombinerer samarbeid, utviklingsarbeid og nettverksbygging, og gir høve til å påverke korleis Nav kan bidra til at fleire lykkast med utdanning og kvalifisering. Som opplæringskoordinator blir du ein sentral ressurs for Nav-kontora i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Du vil arbeide tett med kollegaer i Nav, fylkeskommunen, utdanningsaktørar og arbeidsgjevarar for å utvikle gode opplæringstiltak og kvalifiseringsløp som møter behova til både brukarane og arbeidslivet. Du blir ein viktig del av fagmiljøet for opplæringskoordinatorar i Nav Vestland, der samarbeid, erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid står sentralt. Fagmiljøet i Vestland består av fire opplæringskoordinatorar som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.
Kva går jobben faktisk ut på?
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgjevar
[email protected]
[email protected]
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 19. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 19. okt. 2026.
1 endring i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.