Leiar Bokn Barnehage
BOBokn kommune OppvekstDatasettet bak annonsen· 72 802 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 802 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 124 aktive nå, 32 479 arbeidsgivere og 142 862 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vi søkjer deg som vil leie med hjarte og retning
Bokn barnehage søkjer ein trygg og engasjert leiar som ønskjer å skape gode dagar for barna og bidra til vidare utvikling av barnehagen vår.
Kven er me?
Bokn kommune har 906 innbyggjarar og ein barnehage med 50 born.
Barnehagen er open frå kl. 07.00-16.30. Barnehagen ligg plassert i Føresvik, tett på andre kommunale einingar i Bokn kommune. Me er plassert med kort avstand frå ulike turområde, biblioteket, nærmiljøanlegget ved Boknasundet, idrettshallen Bokn Arena, dagsturhytta i Kongshamn og klatreparken i Føresvik. Desse områda nyttar barnehagen jamleg i sine aktivitetar. Barnhagen er viktig i lokalsamfunnet og foreldre er aktive og positive til barnehagen.
Barnehagen er ein avdelingsbarnehage med tre avdelingar.
Småtroll 0-2 år, Bjørnane 2-3 år og Bokn bruse 3-6 år.
Visjonen vår: Kvardagsglede ute og inne.
Me arbeidar med utviklingsarbeid saman med dei omliggande kommunane og HVL. No arbeidar me med trygg i barnehagen, aktiv i barnehagen og profesjonsutvikling.
Personalet i barnehagen er godt etablert og erfarne vaksne, dei er positive til utviklingsarbeid og det er eit godt arbeidsmiljø.
Leiarstillinga inneber 80% som leiar ibarnehagen og 20% som pedagogisk leiar i avdeling. Leiar er i eit team med funsksjonsleiar og oppvekstsjef.
Me søkjer
Ein tydeleg leiar som kan ha god relasjon med andre og som kan leia på ein måte som gir tillit hjå tilsette og foreldre.
Det er viktig at du kan sjå heilskap og samanhengar i utviklingsarbeidet. Samt at du kan sjå og bidra i samarbeid med andre einingar som skule og helse. Me er og ein kommune som arb eidar for betre tverretatleg samarbeid og saman med fleire eksterne einingar som leiar i barnehage skal bidra inn i.
Me ynskjer deg som leiar målretta og gjennomfører handlingsplanar, som kan forankra det i felles satsingar etter gode prosessar med dei tilsette. På den måten skapa ein kultur prega av utvikling, samhald og profesjonsfagleg refleksjon.
Me vil leggja stor vekt på at du egnar deg personleg for jobben.
Arbeidsoppgåver
Du får ansvar for:
Kvalifikasjonar
Kvifor velje Bokn?
Vil du vere med og skape kvardagsglede ute og inne? Då håpar vi du søkjer stillinga som styrar i Bokn barnehage.
Velkomen som søkjar
Vi håpar du kjenner deg igjen i det vi ser etter, og at du har lyst til å bli ein del av laget vårt. I Bokn barnehage får du arbeide tett på barna, i eit trygt og oversiktleg lokalsamfunn, saman med medarbeidarar som er stolte av jobben sin og opptekne av å skape gode dagar for barna.
Vi gler oss til å høyre frå deg.
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding, jf. barnehagelova § 30.Link til søknadsskjema:
Søk her
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.