Einingsleiar Helseeininga

AKAustrheim kommune
AUSTRHEIMFast Publisert 7 dager sidenFrist 02. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet65/100Hvordan?
LønnAnslått 74 907 kr – 96 891 kr per måned
HistorikkObservert i 7 dagerFørst observert 08. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 831 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 831 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 166 aktive nå, 32 489 arbeidsgivere og 142 959 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Austrheim kommune søkjer ein engasjert, trygg og utviklingsorientert einingsleiar for helsetenesta.

Vi ser etter deg som har relevant helse- og sosialfagleg bakgrunn, god forståing for kommunale helse- og omsorgstenester og som ønskjer å vere med på å utvikle framtidas helsetenester i Austrheim kommune.

Som einingsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi, drift og utvikling i helseeininga. Du skal sikre fagleg forsvarlege tenester med god kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som tenestene blir drivne og utvikla innanfor vedtekne økonomiske rammer.

Tenester i helseeininga:

    LegetenestaFysioterapi- og ergoterapitenestaHelsestasjon og skulehelsetenestaPsykisk helse, rus og kommunepsykologKoordinerande eining
     

Kommunale helse- og omsorgstenester er i kontinuerleg utvikling. Endringar i demografi, tenestebehov, tilgang på personell og økonomiske rammer krev at vi utviklar organisering, kompetanse og arbeidsmåtar. Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklings- og forbetringsarbeidet, og eit medansvar for å sikre heilskaplege og samordna tenester i kommunen.

Ansvaret for koordinerande eining er lagt til denne stillinga. Du skal bidra til at innbyggjarar med behov for langvarige og koordinerte tenester får heilskaplege og samordna tilbod på tvers av fag og tenesteområde.

Som einingsleiar er du ein del av leiarteamet til kommunalsjef for helse og velferd. Du skal samarbeide tett med andre leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, i tillegg til andre samarbeidspartar internt og eksternt.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar skal du:

    ha eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi og resultat i helseeininga, og sikre god styring av økonomi, bemanning og ressursbrukleie, følgje opp og utvikle medarbeidarar og tenester i samsvar med kommunen sine mål, planar, vedtak og økonomiske rammersikre fagleg forsvarlege tenester, god kvalitet og pasienttryggleik gjennom systematisk arbeid med internkontroll, HMS, kvalitetsutvikling og forbetringsarbeidleie organisasjons- og tenesteutvikling og ta initiativ til nye arbeidsmåtar som bidreg til god ressursutnytting og berekraftige tenesterarbeide strategisk med kompetanse, fagutvikling og rekrutteringleggje til rette for tverrfagleg samarbeid, brukarmedverknad og gode pasient- og brukarforløpha ansvar for koordinerande eining og bidra til samordning av tenester for innbyggjarar med behov for langvarige og koordinerte tenester, mellom anna gjennom individuell plan og koordinatorsamarbeide tett med spesialisthelsetenesta, NAV og andre aktuelle samarbeidspartardelta aktivt i kommunen sitt felles leiar- og utviklingsarbeid og følgje opp relevante politiske og administrative vedtak og nasjonale føringar

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

    minimum treårig relevant helse- eller sosialfagleg utdanning frå universitet eller høgskuleerfaring frå helse- og omsorgstenesterrelevant leiarerfaring eller anna dokumentert erfaring med leiing, fagansvar eller utviklingsarbeid frå helse- og omsorgstenestenegod forståing for økonomistyring, ressursstyring og prioriteringargode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system og digitale verktøygod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskerfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid

Det er ein fordel om du har:

    erfaring med heilskapleg leiaransvar, inkludert fag-, personal- og økonomiansvarleiarutdanning på høgskule-/universitetsnivå og/eller anna relevant vidareutdanningerfaring med utviklings- og forbetringsarbeid, kvalitetsarbeid og organisasjonsutviklinggod forståing for relevant lov- og regelverk, offentleg forvaltning og rammene for ein politisk styrt organisasjonkjennskap til koordinerande eining, individuell plan og koordinatorrelevant utdanning på masternivå

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein leiar som:

    er trygg, tydeleg og tillitsskapande og har god rolleforståingskaper retning, engasjement, motivasjon og som involverer medarbeidarane i utvikling av tenestenehar eit heilskapleg og strategisk perspektiv, samtidig som du forstår behova i den daglege driftaarbeider strukturert og målretta, prioriterer godt og har god gjennomføringsevneer løysings- og utviklingsorientert og er open for nye arbeidsmåtarkommuniserer godt og byggjer gode relasjonar på tvers av fag, tenester og organisasjonarstår stødig i krevjande situasjonar og evnar å ta avgjerder innanfor gitte rammer

Personleg eigenskap vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

    ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med spennande faglege og leiarmessige utfordringargode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansehevingei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Austrheim kommuneløn etter avtale, i samsvar med gjeldande tariffavtale og kommunen sin lønspolitikkgod pensjonsordning gjennom KLPAustrheimmodellen – ulike ordningar for rekruttering og tilsetjing

Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.Video:

https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAustrheim kommune5 stillinger i databasen