Bli kokken som set smak på helsa!

DTDrift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
BERGENFast Publisert 11 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet56/100Hvordan?
LønnAnslått 41 231 kr – 62 041 kr per måned
HistorikkObservert i 13 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 091 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 091 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 354 aktive nå, 32 600 arbeidsgivere og 143 553 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du lage mat som betyr noko – kvar einaste dag?

Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.

Som kokk hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke fagkunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar, der kvalitet, smak og ernæring står sentralt.

Vi ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og har stoltheit i faget ditt. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre

Om oss

Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Arbeidsoppgåver

    Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkostTilrettelegging og oppveging av råvarerDrift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyrPakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundarAndre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til

Her får du jobbe i eit moderne storkjøkkenmiljø med høg fagkompetanse og tydelege rutinar – og du blir del av eit team som har stoltheit i faget.

Kvalifikasjonar

    Fagbrev som kokkErfaring frå institusjonskjøkken ein fordel, men ikkje eit kravGrunnleggande datakunnskapKjennskap til IK-mat og HMSGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (må kunne dokumenterast)

Personlege eigenskapar

    Har god orden og trivst med strukturKan jobbe både sjølvstendig og i teamEr fleksibel og handterer hektiske periodar på ein god måteEr fagleg engasjert og likar å bidra til kvalitet og utviklingJobbar effektivt, planmessig – og tåler fysisk arbeid

Vi tilbyr

    Ein trygg, stabil og meiningsfull arbeidsplassEit triveleg miljø i ein stor og fagleg sterk kjøkkenorganisasjonMoglegheit til å bidra i eit viktig arbeid der mat er ein del av behandlingaLønn etter gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.

1 endring over 3 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 05. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverDTDrift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF5 stillinger i databasen