80% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avd. Jondal

URULLENSVANG KOMMUNE RUS OG PSYKISK HELSE AVD JONDAL
JONDALVikariat Publisert 23. juli 2026Frist 15. okt. 2026Siste dag å søke!
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet69/100Hvordan?
LønnAnslått 47 659 kr – 65 595 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 401 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 401 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 641 aktive nå, 32 721 arbeidsgivere og 144 323 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for

våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!

Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig eit 80% vikariat som helsefagarbeider, frå august 2026 og eit år fram i tid.

Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit

heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing,

behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.

Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og

psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.

Dersom dette høyres interessant ut, håper me du søkjer! Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

Arbeidsoppgåver:

    Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale

    Tverrfagleg samarbeid

    Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn

    Legemiddelhåndtering

    Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane

    Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik

    Medverke til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav:

    Autorisasjon som helsefagarbeidar (relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning)

    Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg

    Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg

    Førarkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar

    Fleksibel og engasjert  

    Godt humør og positiv innstilling

    God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig

    Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande

    Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar

    Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ

    Personlege eigenskapar blir vektlagt

Me tilbyr:

    Varierte arbeidsoppgåver og arbeidsdagar

    Spennande og meiningsfylt arbeid 

    Lønn etter hovudtariffavtalen

    Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

    Fleksibel arbeidstid med mogelighet for arbeid 3. kvar eller 4. kvar helg, ordinære vakter eller langvakter. 

    Gode permisjons- og pensjonsvilkår.

    Fadderordning for nytilsette

Krav:

    Politiattest jfr gjeldande lov

    Krav til førarkort: ønskeleg men ikkje eit krav

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at nettopp du søkjer!

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken

tlf: 903 68 901

e-post: [email protected]

Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå

tlf: 905 24 956

e-post: [email protected]

Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Annonsehistorikk (7 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 23. juli 2026.

4 endringer over 36 dager i 7 øyeblikksbilder.

2 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 14. sep. 2026
    • Frist endret13. sep. 202630. sep. 2026
  • 01. okt. 2026
    • Frist endret30. sep. 202615. okt. 2026
  • 15. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverURULLENSVANG KOMMUNE RUS OG PSYKISK HELSE AVD JONDAL2 stillinger i databasen