fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 78 698 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 939 aktive nå, 34 490 arbeidsgivere og 161 483 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du oppteken av barns beste og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt barnet?
I denne stillinga får du høve til å arbeide tett på barn som treng ekstra støtte i kvardagen med diagnosen autisme. Du vert ein del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innan inkluderande praksis, spesialpedagogikk og tilrettelegging for barn med ulike behov. Som støttepedagog vil du ha ansvar for oppfølging av enkeltbarn i det daglige på avdeling, i smågrupper og ein-til-ein. Du vil arbeida målretta med støtte og rettleiing frå Spesialhelsetjenesta på Haukeland Universitetssjukehus.
Stillinga er eit vikariat i 100% og tiltenkt oppstart 01.12.2026 med varigheit til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning. Oppstart i stillinga kan skje ved eit seinare tidspunkt ut i frå praktiske omstendigheitar for kandidaten.
Hjå oss møter du dyktige kollegaer, vakker natur rett utanfor døra og eit fagmiljø som er oppteke av utvikling. Barnehagen sin visjon er "Vennskap og meistring". Vi har fokus på tilbakemeldingskultur i kvardagen, lesing og språkutvikling er eit felles satsningsområde til vossabarnehagane. Barnehagen er i oppstarten av "Kollektiv kompetanseheving" i samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.
Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Personalgruppa har eit stort mangfold i både alder og personlegheit. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.
Hjå oss får du:
Som tilsett i Voss herad får du:
Kvalifikasjonar:
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Arbeidsoppgåver
Me ser etter deg som:
Link til søknadsskjema:
Søk her
Først observert av fakt: 23. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 23. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.