fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 739 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 637 aktive nå, 34 165 arbeidsgivere og 158 843 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: Å sikre at varene som kryssar grensene Noreg, er trygge og lovlege.I løpet av ein dag blir store mengder varer frakta over grensa. Dei kjem med fly, båt, bil og lastebil frå heile verda, før dei held fram på ferda si ut til næringsliv og privatpersonar. Kvar dag kontrollerer vi for å sikre at varene oppfyller krava i norske og internasjonale lover og reglar. Slik vernar vi Noreg, næringslivet og menneska som bur her.Tolletaten er ein tverrfagleg arbeidsplass, med mange pågåande endringsprosessar. Hos oss, i Vareførselsdivisjonen, skal du jobbe med regelverksutvikling og avklaringar av komplekse problemstillingar innanfor vareførselsfaget. Du får bidra med juridiske avklaringar i dagsaktuelle saker som har stor betydning for samfunnet. Arbeidet vil vere knytt til utviklingsprosjekt, regelverks- og prosedyreutvikling og utgreiing av juridiske problemstillingar innanfor ei rekke ulike regelverk, både nasjonale og internasjonale. Visste du at Tolletaten forvaltar regelverket for 20 regelverkseigarar og andre samarbeidande styresmakter på grensa? Synest du dette verkar interessant, må du gjerne søke.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Du må rekne med at det blir litt reising, primært til Oslo.
Kvalifikasjonar:
Det er ønskeleg med minst eitt av følgjande:
Kva kan vi tilby deg?
Tilsetting føreset samtykke til semac og tilfredsstillande ordinær politiattest.
Verdt å merkje seg
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss, derfor tilbyr vi deg som er aktuell for stillinga, ein omvend referansesjekk. Det betyr at du kan ringe nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne ut om vi er ein god match for deg.Dersom dette høyrest ut som ei stilling du er interessert i og har lyst til å vite meir om, er du velkommen til å ta kontakt med fungerande seksjonssjef Elin Fleten på 48291617
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på
arbeidsgivarportalen
.Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
1 endring i 3 øyeblikksbilder.