fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 406 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 413 aktive nå, 33 380 arbeidsgivere og 152 388 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Region vest, Senter for foreldre og barn, avdeling Førde, har ledig 1-2 faste stillingar som fagkonsulent i 100 % stilling. I tillegg har vi ledig ei mellombels 100 % stilling som fagkonsulent. Den mellombelse stillinga er for eitt år, med moglegheit for forlenging.
Ved avdelinga i Førde jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og vi jobbar med kartlegging, samspelsobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid. Alltid med barnet sitt perspektiv som kompass for arbeidet.
Senteret i Førde er eit av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat, region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år med prioritering av barna i alderen 0-2 år.
Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3. Senteret kan og tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1 med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret utfører oppgåvene både som heimebasert tilbod, dagtilbod og døgnbasert tilbod.
Fagkonsulentar i senteret går inn i ein turnusplan som arbeider dag, kveld og helgevakter. For tida med inntil to seinvakter i veka og arbeid kvar 6.helg. Senteret har i tillegg eigne nattevaktstillingar og psykolog knytt til avdelinga.
I senteret har vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor. Samstundes veit vi at godt humør og ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Som del av dette miljøet vil du jobbe saman med kolleger som stiller opp for og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og søkjer mot utvikling av kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel.
Må-krav:
Bør-krav:
Vi ser etter deg som:
Løn - og tilsetjingsvilkår:
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Først observert av fakt: 20. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 20. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.