fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 384 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 980 aktive nå, 33 374 arbeidsgivere og 151 975 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling.
Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det kan vere aktuelt å ha kontorstad i Bergen, der ein vil få høve til å inngå i eit fagleg psykologfellesskap. Samstundes må ein rekne med jamlege reiser til avdelinga i Førde.
Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass.
Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert.
Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.
Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø.
Dette får du jobbe med hos oss:
Må-krav:
Bør-krav:
Elles kan vi tilby:
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Først observert av fakt: 19. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 19. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.