Helsefagarbeidar/hjelpepleiar til vikariat i Medisinsk seksjon
VSVoss sjukehus, Helse Bergen HFDatasettet bak annonsen· 74 372 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 372 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 850 aktive nå, 33 028 arbeidsgivere og 147 594 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost.
Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale.
Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit.
Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.
OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tenkjer at du:
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, [email protected] Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, [email protected]
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%VikariatStartdato: 01.12.2026Søknadsfrist: 30.10.2026
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.