Seksjonsleiar lege

VAVoss Anestesilegar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
VOSSFast Publisert 3 dager sidenFrist 10. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 43 890 kr – 61 014 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 090 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Kva med å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø og samstundes ha kort avstand til flott natur og moglegheit for mange opplevingar?

DET er det ikkje mange som kan tilby, men me kan, fordi anestesiavdelinga ved Voss sjukehus treng ein ny leiar. 

Den dyktige og trivelege seksjonsoverlegen vår skal bli pensjonist. Bra for han, synd for oss, og ei eineståande moglegheit for ein overlege i anestesi med ein leiar i magen! Ei 100 % stilling som seksjonsleiar i Voss anestesilegar kan bli din frå 01.03.2027, eventuelt frå eit nærare avtalt tidspunkt.

Voss sjukehus er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 31 000 innbyggjarar i Indre Hordaland, og har i tillegg pasientar frå Bergen, indre Sogn og Hardanger. Me har akuttberedskap innan både kirurgi, føde/gynekologi, ortopedi og indremedisin. Her møter du eit oversikteleg sjukehus med korte linjer, tett samarbeid og raske avgjerder - og om lag 400 engasjerte medarbeidarar som jobbar saman for å levere gode tenester. Me har eit inkluderande miljø med rom for både fagleg vekst og fordjupning.

Voss Anestesi legar har stillingsheimlar for 5 fast tilsette overlegar i anestesi, i tillegg til seksjonsoverlege, og for 1 fast tilsett LIS 3. Som seksjonsoverlege i anestesi ved Voss sjukehus får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du jobbar tett med dyktige kollegaer innan fleire fagområde og får brukt og vidareutvikla brei klinisk kompetanse i eit miljø som vektlegg samarbeid, tryggleik og kvalitet. Breidda i behandlingstilbod gjev deg særleg god erfaring innan avansert handtering av vanskelege luftvegar og ultralydrettleia nerveblokadar. Me har kapasitet til kortare respiratorbehandling og samarbeidar tett med Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus når pasientar treng lengre forløp.

Les meir om Voss sjukehus på heimesida.

Vossabygda har mykje å by på i tillegg til vår gode arbeidsplass. Tilgang til mange ulike fritidsaktivitetar og eit variert kulturtilbod finn du berre nokre steinkast frå sjukehuset.

Så løp og søk!

Arbeidsoppgåver

    Arbeide tett saman med direktør og dei øvrige seksjonsleiaraneVere arbeidsgjevarrepresentant og balansere dette klokt mot dine kollegaerPersonal- og budsjettansvar, og ansvar for økonomi, fag, kompetanse og fagleg utvikling i din seksjon
    Overordna ansvar for pasientbehandling i din seksjonDelta i avdelinga si vaktordningInngå som viktig aktør i mellom anna traumeteam og hjertestansteamAnsvar for disponering og bruk av intensivmedisinsk kapasitet, inkludert kortvarig respiratorbehandlingDelta ved nyføddresucitering og behandling av dårlege bornBehandling og oppfølging av pasientar på Intensiv i samarbeid med relevante fagområdeRettleiing og undervisning av LIS3Internundervisning

Kvalifikasjonar

    Du har norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. Du har solid erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk. Seksjonen legg til rette for nødvendig fagleg oppdatering eller ytterlegare opplæring ved behovDu held deg fagleg oppdatert, har god prosedyrekunnskap og gjennomfører praktiske prosedyrar i tråd med oppdaterte retningslinerGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivåDet blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ei aktiv haldning til å tileigne seg ny og moderne kompetanse   

Personlege eigenskapar

    Du ser verdien av både høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljøDu har eit godt lag med folk og får fram det beste i deiDu trivs i skjæringspunktet mellom klinikk, leiing og utviklingsarbeidDu har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturertDu trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo og krevande situasjonarDu trivst med å arbeide klinisk med anestesi både på dagtid og på vakttidØnskjeleg at du bur på Voss over tid      

Vi tilbyr

    Fagleg og kollegialt godt miljø
    Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle eigen kompetanse6-delt vaktordningIndividuell tilpassing av arbeidsplan ved behovHjelp med å finne bustad/hybel

Kontaktinformasjon

Birger Norderud Lærum, Direktør, +[phone]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 155704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 10.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverVAVoss Anestesilegar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus1 stilling i databasen