Vil du jobbe natt og gjere ein skilnad? Me søkjer medarbeidar til Etne omsorgssenter og nattpatrulje

EPEtne kommune Pleie og omsorg
ETNEFast Publisert 17 t sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 41 436 kr – 55 702 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 385 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 385 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 863 aktive nå, 33 033 arbeidsgivere og 147 610 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Etne omsorgssenter søkjer ein trygg og engasjert medarbeidar til 80 % fast nattstilling. Du vil vere ein viktig del av tenesta vår og bidra til at bebuarane får god, fagleg forsvarleg og omsorgsfull oppfølging gjennom natta.

Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig, er roleg i utfordrande situasjonar og har gode samarbeidsevner. Hos oss får du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

    Gi fagleg forsvarleg pleie og omsorg til bebuarar ved Etne omsorgssenter på natt.Observere, vurdere og følgje opp endringar i helsetilstand.Handtere og dokumentere legemiddel i tråd med gjeldande rutinar og delegasjon.Utføre nødvendig dokumentasjon og rapportere til dag- og kveldsvakt.Handtere akutte situasjonar og ta kontakt med rette instansar ved behov.Delta i nattpatrulje og gi nødvendig hjelp og oppfølging til brukarar i eigen bustad.Utføre planlagde og behovsvurderte tilsyn, praktisk bistand og helsehjelp i heimetenesta.Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre aktuelle faginstansar.

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som sjukepleiarVidareutdanning som spesialsjukepleiar innan geriatri er ønskjelegGode norskkunnskaper, munntleg og skriftlegInteresse for eldreomsorg og fagleg utviklingEvne til å arbeide sjølvstendig og i team

Eigenskapar

Me ønsker medarbeidarar som:

    Er fagleg engasjerte og omsorgsfulleBidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljøEr ansvarsmedvitne og løysningsorienterteEr fleksible og har gode samarbeidsevner

Me tilbyr

    Ei meiningsfull og variert nattstilling i både institusjon og nattpatrulje.Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.Opplæring og rettleiing tilpassa arbeidsoppgåvene.Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving.Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.Gode pensjons- og forsikringsordningar.25 000 kroner i rekkutteringstilskot for dei som jobbar turnusMolegheit for å ta 4 veker samanhegande ferie om sommaren

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverEPEtne kommune Pleie og omsorg5 stillinger i databasen