Sjukepleiar og vernepleiar – faste  stillingar på natt til Psykiatrisk klinikk

HHHelse Bergen HF
BERGENFast Publisert 10 t sidenFrist 28. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 421 kr – 64 419 kr per måned
HistorikkObservert i 25 dagerFørst observert 21. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 783 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 783 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 264 aktive nå, 32 841 arbeidsgivere og 145 930 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk.   

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg
*  Avdeling Spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 80-100% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt

Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.

Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762

    Kvalifikasjonar (overskrift)

    Avdeling Spesialisert Psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

    Seksjon S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge. Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk), tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke og alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på. Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid.

    Kontakt: Liv Mala, Tlf.  Telefon:55958706

    Arbeidsoppgåver

      AnsvarsvaktAdministrering av medisinar

    Miljøterapeutisk arbeid:

      Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasientObservere og dokumenterePraktiske oppgåver

    Kvalifikasjonar

      Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiarErfaring frå psykiatri er ønskelegPersonleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnadRelevant erfaring samt personlege eigenskapar frå fagområdetGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad  

    Personlege eigenskapar

    Vi ønsker medarbeidarar som:

      har respekt for den enkelte pasientener sjølvstendige, løysingsorienterte og målrettahar god struktur, men samstundes evne til å vere fleksiblehar gode kommunikasjonsevnerhar evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientarer tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldninger serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaertrivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljøønsker og evner å motta rettleiing

    Vi tilbyr

      Utfordringar og læresituasjonar
      Fadderordning
      Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
      Inkluderande arbeidsmiljø
      Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
      Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
      Gode pensjons- og forsikringsordningar
      Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Arbeidsstad

    Nøkkelinformasjon

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Annonsehistorikk (7 øyeblikksbilder)

    Først observert av fakt: 21. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

    3 endringer over 25 dager i 7 øyeblikksbilder.

    1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

    • 28. sep. 2026
      • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
    • 05. okt. 2026
      • Frist endret04. okt. 202611. okt. 2026
    • 16. okt. 2026
      • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
      • Frist endret11. okt. 202628. okt. 2026

    Arbeidsgiverens aktivitet over tid

    Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

    ArbeidsgiverHHHelse Bergen HF15 stillinger i databasen