Universitetslektor i undersøkande journalistikk
Datasettet bak annonsen· 73 190 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 190 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 430 aktive nå, 32 629 arbeidsgivere og 143 766 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Universitetslektor
Ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stilling som universitetslektor.
Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg.
Arbeidsoppgåver
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknader som vert sendt på e-post eller som manglar etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Kristine Holmelid, [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 15. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 15. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.