Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL

UBUniversitetet i Bergen
BERGENÅremål Publisert 14 dager sidenFrist 16. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet79/100Hvordan?
Lønn43 750 kr
HistorikkObservert i 14 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 223 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 223 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 463 aktive nå, 32 637 arbeidsgivere og 143 806 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Vitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk

Velkomen som søkjar til ei mellombels 40% stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 01.11.2026-31.12.2027. Oppstart i stillinga er 01.11.2026 eller etter avtale.

Om instituttet

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 13 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Om prosjektet

Prosjektet NONMANUAL studerer ansiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til Vadim Kimmelman, 2023-2027.

Meir informasjon om prosjektet her: https://www.uib.no/nonmanual

Arbeidsoppgåver

    Skriving av programmer i Python for å teste og kalibrere datamaskinsyn (Computer Vision) løysningar for analyse av teiknspråk, særleg for analyse av hovudbevegelsar og augebrynbevegelsar.Læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.Datakurering og prosessering for videoar og andre typar data.Skriving av andre programmer for tekniske oppgåver i prosjektet.Studering av litteratur om relevante tema.Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver.Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

    Du må ha BA i datafag, maskinlæring eller anna relevant fagområdet.Du må ha gode kunnskapar i Python.Gode kunnskapar i maskinlæring/dyplæring er ein stor føremon. Arbeidserfaring relatert til oppgåvene i stillinga, som testing og kalibrering av CV, læring av modellar, datakurering særleg for teiknspråkvideodata, er ein føremon.Du må ha gode engelskkunnskapar, sidan prosjektet er internasjonalt.Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr

    Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.Høve til å byggje sterke faglege nettverk.Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.Løn som vitskapleg assistent, som for tida svarar til ei brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 470 200 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden må innehalda:

    Ein kort presentasjon av dine forskingsinteresser, kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.CV.Vitnemål og diplomar frå universitet/høgskular og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.Relevante stadfestingar og attestar.

Søknad, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Vadim Kimmelman på telefon: +4790248771, eller e-post: [email protected]  eller instituttleiar Anders Fagerjord på telefon: +47 55583653,eller e-post: [email protected].

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til [email protected] .

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 02. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverUBUniversitetet i Bergen2 stillinger i databasen