Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
UFUNIVERSITETET I BERGEN FAKULTETET FOR NATURVITENSKAP OG TEKNOLOGIDatasettet bak annonsen· 73 133 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 133 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 415 aktive nå, 32 610 arbeidsgivere og 143 677 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til gigaCCS, eit senter for miljøvenleg energiforsking finansiert av Noregs forskingsråd.
Om prosjektet
Den som vert tilsett, skal delta i utviklinga av modellerings- og simuleringsverktøy for lagring av CO₂ i gigaskala. Konkret vil dette ph.d.-prosjektet undersøkje korleis makrodispersjon påverkar effektiviteten til storskala lagringsoperasjonar. Arbeidet kan omfatte matematiske tema som oppskalering, diskretiseringsmetodar og numerisk analyse. Det kan òg omfatte utforming og implementering av numeriske metodar i samanheng med moderne programvare med open kjeldekode for vitskaplege utrekningar. Dei utvikla metodane vil verte testa på oppsett som er relevante for lagringsformasjonar i Nordsjøen
Om gigaCCS og Matematisk institutt ved UiB
gigaCCS er eit norsk forskingssenter som arbeider med storskala karbonfangst og lagring av CO₂ i undergrunnen. Senteret vert leia av SINTEF Energi og omfattar nær 40 partnarar frå næringsliv, forskingsinstitutt og akademia. Den som vert tilsett, skal bidra til forskingsaktivitetane i gigaCCS-senteret, særleg i arbeidspakke 3.1 – «Regional oppskalering av lagring».
Denne ph.d.-stillinga er knytt til forskingsgruppa for porøse medium ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen. Gruppa består av fem fast vitskapleg tilsette, tre faste forskarar og har vanlegvis om lag ti ph.d.-kandidatar. Det primære forskingsområdet til gruppa er numeriske og utrekningsbaserte metodar for prosessar knytte til porøse materiale, med særleg vekt på geologiske bruksområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: forskar Eirik Keilegavlen ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen på [email protected] eller til professor Jan Martin Nordbotten ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen på [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på [email protected] eller [phone].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.