Vil du bli vår nye kollega?
Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin.
Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi.
Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank).
Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.
Arbeidsoppgåver
Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel. Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå HelfoOppfølgingar av all elektronisk svarrapporteringVere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogramVere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyrKoordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentarVere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillarOppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagtAndre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt
Kvalifikasjonar
IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagtKjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andreØnskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomiErfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskelegMå beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du er strukturert, målretta og løysingsorientertDu har gode samarbeids- og formidlingsevnerDu har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskaparDu har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling, i helseforetaket og regionalt.
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal