Rektor - Ågotnes skule

ØKØygarden kommune Kommunalsjef Oppvekst
STRAUMEFast Publisert 2 dager sidenFrist 27. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 2 dagerFørst observert 13. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære».  Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å vidareutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen.

Skulen har nynorsk som målform.

Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes , om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen.

Arbeidsoppgåver:

    Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteametØkonomiansvar Forvaltningsoppgåver Overordna personalansvar Utvikle skulen som ein lærande organisasjon Samarbeide med politisk og administrativt nivå Samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

    Godkjent lærarutdanningLeiarerfaring frå grunnskulenKompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utviklingGode norskkunnskapar munnleg og skriftlegDigital kompetanse er naudsynt for stillinga

Ønskjeleg med:

    Relevant leiarutdanning Erfaring innan personalleiing og økonomistyring Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi ser etter deg som: 

    Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring 

Vi tilbyr

    Gode pensjons- og forsikringsordningarMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 13. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 13. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverØKØygarden kommune Kommunalsjef Oppvekst3 stillinger i databasen