Myrane barnehage lyser ut etter ein 100% sjukepleiarstilling til å fylgjer opp eit barn som har vedtak etter §37. Vedkommande er ynskjeleg startar i stillinga snares mogleg
Rolla di i barnehagen vil i hovudsak vera knytt til eit barn. Innhald i rolla vil i hovudsak vera å ivareta helse, fylgje opp og gje medisin.
Det er svært viktig at vedkommande som går inn i denne stillinga er roleg og trygg i rolla si, er ein nær og god vaksen med eit godt barnesyn, er god på samarbeid og kommunikasjon (både med kollegaer, foreldre og eksterne instansar).
Kjernekomponentar vi ser etter ved tilsetting:
rolig, trygg og er i stand til å handle raskt og korrekt dersom ein akutt situasjon oppstår
har god klinisk observasjonsevne og fangar opp endringar i barnet sin allmenntilstand
arbeidar førebyggande og forstår betydninga av gode rutinar rundt blandt anna måltidet, medisinar, sjukdom og observasjon
er trygg på legemiddelhandtering og på å følge individuelle medisinske planer og beredskapsplaner
er komfortabel med ansvar og kan arbeida sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde
kjenna eigne faglege grenser og er trygg nok til å spørre eller innhente rettleiing dersom noko er uklart
er lærevillig og motivert for å sette seg grundig inn i barnet sin medisinske behov og individuelle rutiner
samarbeida godt med foreldre og øverige personale i barnehagen
varm og trygg i møte med barn, samtidig som den medisinske oppfølginga kan føregå på ein naturleg og lite inngripande måte i barnehage kvardagen
Du må vera strukturert og har god skriftleg framstillings evne.
Sjukepleiaren si hovudoppgåve vil være å ivareta barnet sin medisinske tryggleik gjennom observasjon, førebyggande tiltak, dagleg legemiddel handtering og beredskap ved behov. barnet skal elles delta i barnehagen sin kvardag og aktivitetar saman med resten av barnegruppa
erfaring med akutt situasjonar, klinisk vurdering og/eller oppfølging av barn med medisinske behov er ein fordel.
Vi søkjer deg som ynskjer å arbeide i ein hektisk men kjekk barnehagekvardag, samstundes som du får utøve rolla di som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Søk her
Om bedriften
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)