100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

UEUllensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
ODDAFast Publisert 1 dag sidenFrist 15. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 183 kr – 62 149 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 14. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 091 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 794 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser ut 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillinga inngår i ein kombinert turnus med i hovudsak langvakter og nokre kortvakter. Dette gjev deg noko mange set pris på: lengre friperiodar og meir fri i kvardagen. Du jobbar kvar fjerde helg, og resten av tida får du rom til både arbeidsglede og privatliv.

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar og bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med høg kvalitet og leggje til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakaren skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.


Hovudarbeidsoppgåver:

    Målretta miljøarbeid

    Legemiddelhandtering

    Rettleiingsansvar

    Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver

    Yte tenester etter gjeldande vedtak

    Bidra til eit godt arbeidsmiljø

    Utarbeide og følgje opp interne rutinar i samarbeid med leiar

    Dokumentasjon i gjeldande IT-verktøy


Vi ser etter deg som:

    Er autorisert sjukepleiar/ vernepleiar 

    Har erfaring frå målretta miljøarbeid, og erfaring med målgruppa vert tillagt stor vekt.

    Har gode samarbeidsevner, er fleksibel og stiller deg positiv til endringar.

    Handterer uføresette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte.

    Likar å vere i fysisk aktivitet, kan gå turar og følgje brukarane på ulike aktivitetar.

    Meistrar norsk skriftleg og munnleg.

    Er løysingsorientert og fagleg i tilnærminga di til brukarane.

Personlege eigenskapar og at du er skikka for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

    Rekrutteringsavtale for nytilsette sjukepleiarar/vernepleiarar: Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot for nytilsette vernepleiarar i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid.

    Pendlarvenleg: Vi kan leggje til rette for overnatting mellom langvakter for deg som kjem utanfrå.

    Spennande faglege utfordringar og meiningsfulle arbeidsoppgåver.

    God opplæring og rettleiing.

    Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer.

    Løn etter hovudtariffavtalen.

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Det vert stilt krav om godkjend politiattest før tilsetjing.

Søknadsfrist: 15.11.2026

Om du har spørsmål om stillinga eller turnusen, er det berre å ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat!

Kontaktpersonar for stillinga:

Harald Molven

Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma

Telefon 97436662, [email protected]

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 15. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverUEUllensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap4 stillinger i databasen