Fagarbeidar/assistent i Kjørnes barnehage
SKSogndal kommune Kjørnes barnehageDatasettet bak annonsen· 72 907 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 907 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 216 aktive nå, 32 514 arbeidsgivere og 143 134 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage som ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar.
Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har seks avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar.
Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, ulendt terreng, og ein stor trelavvo som fungera som uteavdeling for storbarnsavdelingane.
Det er ledig eit 40% vikariat frå 30.11.2026 til 04.07.2027 og eit 100% vikariat frå 04.01.2027 til 04.07.2027, og me vil gjerne ha deg med på laget.
Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vinter, og søkarar kan vere aktuelle for stillingar som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen
Me er opptekne av at leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Me tilbyr:
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen 18. oktober, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.Link til søknadsskjema:
Søk her
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 22. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 22. sep. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.