Ledig faste stillingar som Barne- og ungdomsarbeidar / fagarbeidar / assistent i Gol barnehage

GGGol kommune Gol barnehage
GOLFast Publisert 2 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 44 624 kr – 62 036 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 14. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Gol barnehage utvidar kapasiteten med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027, og vi har difor behov for fleire tilsette.

Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane i Gol: Breidokk, Vesterhuset og Herad, samt Svøotunet barnehage med seks avdelingar som opnar i januar 2027. På heimesida til Gol kommune finn du meir informasjon om den enkelte barnehagen.

I samband med utvidinga søkjer vi fleire dyktige medarbeidarar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Vi ser etter deg som vil vere ein aktiv deltakar i barn si læring og utvikling, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø.

Ved å søkje stilling hos oss no får du moglegheita til å bli ein del av eit fagmiljø i vekst og vere med på eit spanande utviklingsarbeid i Gol barnehage.

Dine kvalifikasjonar

    Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning innan barnehagefagetDu har erfaring frå arbeid i barnehage og er motivert for å ta barnehagefagleg utdanningDu har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk dei digitale verktøya Gol kommune nyttar både i administrativt arbeid og i det pedagogiske arbeidet med barnaDu uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Forventningar til deg som søkar:

    Kreativ og leiken, og ein trygg og tydeleg vaksenAktiv og til stades saman med barna, både inne og uteEvne til å skape gode relasjonar til barnKan motivere og inspirere barn, kollegaer og føresetteOpptatt av barn si utvikling, medverknad og leikGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerBidreg til eit raust, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljøLyttande, tillitsvekkande og ansvarsbevisstJobbar sjølvstendig og tek initiativDeltar i og medverkar til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetarEr fleksibel, positiv og løysingsorientert 

Vi kan tilby:

    Eit godt og inkluderande arbeidsmiljøTilsetjing i samsvar med gjeldande lovverk og tariffavtalarLøn etter utdanning og praksisTydeleg stillingsbeskrivingGratis treningsordning

Anna:

    Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevneHallingdal har eiga MiB‑gruppe (Menn i barnehage) – menn blir oppmoda til å søkjeTilfredsstillande politiattest må leggjast fram, jf. barnehagelovaAktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju og må ta med kopi av vitnemål og attesta 

Send søknad

    Bruk elektronisk søknadsskjema ved å trykkje på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad. Godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med til intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå desse.Alle søkjarar får kvittering for motteken søknad dersom rett e‑postadresse er registrert.

Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverGGGol kommune Gol barnehage3 stillinger i databasen