fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 880 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 532 aktive nå, 39 934 arbeidsgivere og 235 320 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du ha ei sentral rolle i ein av Noregs fremste landbruks- og fruktkommunar?
Ullensvang kommune søkjer etter ein dyktig, engasjert og strukturert landbrukssjef. Avdeling for landbruk og havbruk er plassert i verksemd for Samfunnsutvikling, og du vil få eit overordna fagleg ansvar for kommunen si landbruksforvaltning. Avdelinga for landbruk og havbruk har 5 årsverk. Personal - og budsjettansvar ligg til verksemdsleiar for Samfunnsutvikling.
Ullensvang er ein mangfaldig og langstrekt kommune frå fjord til fjell, med eit aktivt og framtidsretta landbruk. Her spelar fruktproduksjon, husdyrhald, skogbruk og utmarksforvaltning ei avgjerande rolle for både verdiskaping, busetjing og kulturlandskap. Som fagleiar får du moglegheit til å setje preg på utviklinga av næringa i tett samspel med dyktige kollegaer, næringsaktørar og regionale styresmakter.
Fagleg leiing, koordinering og kvalitetssikring innanfor landbruksforvaltninga
</l<lSakshandsaming i saker etter jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova m.m. og knytt til næringsutvikling og miljøsaker
</l<lForvaltning av tilskotsordningar (produksjonstilskot, RMP, SMIL, skogfond m.m.)
</l<lTilsyn og kontroll
</l<lViltforvaltning, beitebruk og oppgåver knytt til utmark og rovvilt
</l<lUtarbeiding av saksutgreiingar til politiske utval og klagehandsaming opp mot Statsforvaltaren
</l<lRettleiing av grunneigarar, bønder og andre aktørar i næringa
</lRelevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan landbruk, naturforvaltning, agronomi, jus eller anna relevant fagområde
</l<lGod kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan landbruk
</l<lErfaring frå kommunal landbruksforvaltning og/eller fagleg leiing er ein stor fordel
</l<lGod digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem (t.d. Agros, eStil, kartverktøy/GIS)
</l<lGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk er administrasjonsspråk i kommunen)
</l<lFørarkort klasse B
</lDu er trygg i faget ditt, har god gjennomføringsevne og trivst med å ta ansvar
</l<lDu arbeider strukturert, sjølvstendig og har god oversikt i ein travel kvardag
</l<lDu er løysingsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
</l<lDu møter innbyggjarar og næringsaktørar med respekt, god serviceinnstilling og rolleforståing
</l<lPersonlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt
</lEi spanande og utfordrande nøkkelstilling i ein kommune med sterke landbrukstradisjonar
</l<lEit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
</l<lMoglegheit for fagleg utvikling og kurs
</l<lFleksibel arbeidstid
</l<lLøn etter avtale/tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
</l<lKontorstad: Odda
</lUllensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/Link til søknadsskjema:
Søk her
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.