Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

KMKirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus
ODDAFast Publisert 2 dager sidenFrist 06. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 073 kr – 57 267 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 447 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 447 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 466 aktive nå, 33 051 arbeidsgivere og 148 017 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!

Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?

Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.

Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.

Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!

Kva går jobben ut på?

    Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
    Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
    Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
    Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
    Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    Norsk autorisasjon som sjukepleiar.Må ha gode IKT-kunnskaparGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

    tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om rådhar god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast førster ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
    trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

    Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.Tilrettelagt turnus – her får du tilbud om langvakter og vi har i tillegg ønsketurnus.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, [email protected] Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 105750 ODDA

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 22.02.2027Søknadsfrist: 06.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverKMKirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus1 stilling i databasen