fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 880 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 532 aktive nå, 39 934 arbeidsgivere og 235 320 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeider i en 80 % fast stilling til Stallanemarka burettslag. Stillinga inneber arbeid med kortvakter i vekedagene og langvakter på 12,5 timar kvar 4. laurdag og sundag.
Oppstart er etter avtale.
Stallanemarka burettslag husar 10 fantastiske mennesker, og er staden der både bebuarar og tilsette bidreg til å skapa eit bumiljø som er like solid som husveggene – og minst like hjartevarmt. Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg skilnad. Her blir du sett og støtta – og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor.
Du møter ei samansveisa faggruppe som lever etter mottoet: «Det er lov å le – helst ofte!». I denne stillinga får du bruke deg sjølv og fagkompetansen din på ein måte som gjer ein reell forskjell. Du bidreg til tryggleik, føreseielegheit og ein meiningsfull kvardag for bebuarane.
Som helsefagarbeidar arbeider du for å fremje sjølvstendiggjering, medverknad og meistring, og du støttar bebuarane i å ta eigne val. Du blir del av eit engasjert lag som spelar kvarandre gode – og du får bruke dei relasjonelle og faglege styrkane dine i eit arbeid som verkeleg betyr noko!
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
</lDu skaper tryggleik rundt deg, og kollegaer og brukarar opplever deg som varm, til stades og påliteleg. Du er strukturert, engasjert og tek ansvar på ein naturleg måte. Du ser potensialet hos brukarane og bidreg til eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Du deler kunnskap raust, liker å rettleie lærlingar og bygg gode relasjonar internt i avdelinga og eksternt med samarbeidspartnarar – noko som gjer deg til ein særleg verdifull ressurs.
For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.