fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 869 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 521 aktive nå, 39 930 arbeidsgivere og 235 306 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell, blir verdsett og gler deg til å gå på jobb?
Er du framtidsretta, raus, entusiastisk og modig? Då kan du vere den kollegaen vi leitar etter.
I heimetenesta i Klepp kommune jobbar vi kvar dag for at menneske skal kunne leve gode, trygge og sjølvstendige liv i eigen heim. Hos oss møter du ein variert arbeidskvardag, spennande faglege utfordringar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og engasjement.
Vi har no ledige vikariat i 80–100 % stilling, og ønskjer oss kollegaer som brenn for omsorg, relasjonar og fagleg kvalitet.
Difor trivst vi i Heimetenesta:
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsfellesskap der vi heiar på kvarandre, deler kompetanse og er opptekne av å gjere kvarandre gode. Vi trur at arbeidsglede blir skapt gjennom meistring, tilhøyrsle og moglegheita til fagleg utvikling.
Du vil samarbeide tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, demenskoordinator, kreftsjukepleiar, hverdagsrehabilitering og andre fagpersonar. Saman arbeider vi for å gi brukarane tenester av høg kvalitet med respekt, omsorg og brukarmedverknad i sentrum.
Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med stor takhøgd, der nye idear blir lytta til, og der engasjement og initiativ blir verdsette.
Visjonen til Klepp kommune, «Med blikk for alle», ligg til grunn for alt vi gjer.
Aktuelle kandidater blir innkalt fortløpende.
Vi ser etter deg som:
Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt.
Vil du bli en del av laget vårt?
Hos oss får du muligheten til å gjøre en viktig forskjell i menneskers liv, samtidig som du blir en del av et arbeidsmiljø hvor arbeidsglede, faglighet og fellesskap står sterkt.
Vi gleder oss til å høre fra deg!
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.