fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 875 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 527 aktive nå, 39 932 arbeidsgivere og 235 314 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du vår nye kollega?
Bygdelegane på Voss søkjer ein engasjert helsesekretær, medisinsk sekretær eller deg med annan relevant helsefagleg bakgrunn!
Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter!
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Kva går jobben ut på?
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar. Me ønskjer at du:
Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velja oss?
Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman!
Me tilbyr:
Praktisk informasjon
Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg.
Søknad: Send søknad og CV til [email protected].
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon 56 53 03 70 eller e-post [email protected].
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då håpar me du tek kontakt!
Me gler oss til å høyra frå deg!
Helsing alle oss hjå Bygdelegane på Voss
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Sektor
Privat
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
2 endringer i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.