Er du vår nye kollega?
Bygdelegane på Voss søkjer ein engasjert helsesekretær, medisinsk sekretær eller deg med annan relevant helsefagleg bakgrunn!
Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter!
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Kva går jobben ut på?
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
<lTa imot pasientar i resepsjonen og svara på telefonførespurnader.</l<lHandtera timebestillingar og bidra til god flyt i timeboka.</l<lUtføra laboratoriearbeid, blodprøvetaking, EKG og andre medisinske prosedyrar.</l<lSetja vaksinar og assistera ved ulike undersøkingar og behandlingar.</l<lArbeida i elektronisk journalsystem og utføra administrative oppgåver.</l<lBidra til eit godt samarbeid og ein trygg og effektiv arbeidskvardag.</l
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar.
Me ønskjer at du:
<lHar autorisasjon som helsesekretær, erfaring som medisinsk sekretær eller annan relevant helsefagleg bakgrunn.</l<lEr strukturert, nøyaktig og kvalitetsbevisst.</l<lEr fleksibel og løysingsorientert, og klarer å halda roa når det er travelt.</l<lEr ein god lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.</l<lHar gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.</l<lMøter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og godt humør.</l
Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velja oss?
Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman!
Me tilbyr:
<lEit godt arbeidsmiljø: Me tek faget vårt på alvor, men meiner òg at latter og godt humør høyrer heime på jobb.</l<lGod opplæring: Du får trygg og grundig innføring i arbeidsoppgåvene.</l<lVarierte arbeidsdagar: Ein spennande kombinasjon av pasientkontakt, praktiske prosedyrar og administrative oppgåver.</l<lGode arbeidstider: Arbeid på dagtid, måndag til fredag – fri på kveldar og i helger.</l<lFagleg utvikling: Moglegheit til å læra nye ting og utvikla deg i rolla.</l<lGode arbeidsvilkår: Løn og pensjon etter gjeldande avtale.</l
Praktisk informasjon
Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: 7. desember 2026.
Søknad: Send søknad og CV til
[email protected] via
"søk på stilling" knappen på denne siden.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon
56 53 03 70 eller e-post
[email protected].
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då håpar me du tek kontakt!
Me gler oss til å høyra frå deg!
Helsing alle oss hjå Bygdelegane på Voss