fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 869 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 521 aktive nå, 39 930 arbeidsgivere og 235 306 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerheitsposten?
Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar hos oss!
Det blir no bygd ny Sikkerheitspost ved Valen sjukehus, med planlagd opning neste år. Her får vi moderne og funksjonelle lokale som skal bidra til eit trygt og godt miljø for både pasientar og medarbeidarar.
På Sikkerheitsposten får du jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står sentralt. Vi tilbyr spennande utfordringar, gode moglegheiter for fagleg utvikling, fleksible arbeidsplanar, tryggleikstillegg og tilgang til trimrom ved sjukehuset.
Vi søkjer ein helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til auka meistring og betre livskvalitet for pasientane våre. Samstundes blir du ein del av eit støttande fagmiljø der vi heiar på kvarandre og ønskjer at alle skal lukkast.
Kva vil du jobbe med?
Sentrale arbeidsoppgåver ved avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko, samtidig som du gir omsorg og behandling av høg kvalitet. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, der miljøpersonale, psykiatar eller psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å finne balansen mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Vi arbeider kontinuerleg med kvalitets- og forbetringsarbeid, med særleg fokus på ernæring og aktivitet som del av behandlinga. Fagleg utvikling blir styrkt gjennom internundervisning, refleksjon og faglege diskusjonar.
Kvar veke trenar vi på MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for å førebyggje og handtere situasjonar knytte til aggresjon og vald.
Pasientane våre kan vere innlagde over kortare eller lengre tid. Uansett opphaldslengd får du god tid til å bli kjend med både ressursane og dei sårbare sidene til kvar enkelt. På grunn av krevjande situasjonar som kan oppstå, legg vi stor vekt på evna til å bevare ro, skape tryggleik og handtere utfordringar på ein profesjonell måte.
👉 Søk no og bli med på laget vårt!
Hos oss er det viktig at du:
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.