fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 890 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 542 aktive nå, 39 938 arbeidsgivere og 235 333 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er helsefagarbeider. Stillingane har arbeid i turnus på kveld og dag. Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus.
Følgande stillingar er ledige:
Helsefagarbeider 75% stilling
Helsefagarbeider 50% x2 stillingar
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver:
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som helsefagarbeidar
</l<lTverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
</l<lSamarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
</lKvalifikasjonar
Fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanninga
</l<lRelevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
</l<lGode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
</l<lGod fagleg innsikt og tryggheit
</lEigenskapane dine:
Fagleg engasjert
</l<lAnsvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
</l<lKreativ og endringsorientert/-viljug
</l<lGode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
</l<lInitiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet
</l<lBidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
</l<lFleksibel, lojal og er ein lagspelar
</lPersonleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta
</l<lEit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer
</l<lInternundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøter og fagleg utvikling
</l<lKonkurransedyktig lønn
</l<lKommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
</lTilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for stilling du søkjer på.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om Helse og omsorg i Vågå kommune
Helse og omsorg omfattar Heimetenesta og Vågåheimen. Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heildøgns omsorgsbustader, dagtilbod for personar med demens og dagaktivitet for heimebuande. Vågåheimen omfattar korttids- og langtidsplassar, demensomsorg.
Vi har stort søkeljos på fagutvikling, kvalitetsforbetring og velferdsteknologiske løysingar. Med byggeprosjekt ved Vågåheimen og kontinuerleg kompetanseheving er dette ei spennande tid å bli ein del av tenesteområdet på.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 13. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 13. nov. 2026.
3 endringer over 6 dager i 5 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.