fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 78 698 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 942 aktive nå, 34 490 arbeidsgivere og 161 685 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du bli ein del av eit fagmiljø i utvikling – og flytte inn i heilt nye sjukehuslokale?
Ønskjer du ein spennande sjukepleiarkvardag med varierte arbeidsoppgåver, høg fagleg kvalitet og gode moglegheiter for utvikling? Då kan Lungeseksjonen vere staden for deg!
Lungeseksjonen er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og består av ein sengepost med 13 senger samt ein poliklinikk med høg aktivitet. Hos oss møter du pasientar med eit breitt spekter av akutte og kroniske lungesjukdomar, mellom anna KOLS, lungefibrose, astma og respirasjonssvikt. Du blir ein viktig del av eit engasjert tverrfagleg team som kvar dag arbeider for å gi pasientane trygg og heilskapleg behandling.
Vi står framfor ei spennande framtid. Til våren flyttar vi inn i heilt nye sjukehuslokale, der Lungeseksjonen blir samlokalisert tett på både intermediærovervakinga og hjarteposten.
Vi samarbeider tett med medisinsk intermediærovervaking (MIO) og følgjer opp pasientar med komplekse og samansette behov. Dette gir deg moglegheit til å utvikle høg kompetanse innan observasjon, behandling og sjukepleie til ei pasientgruppe i stadig utvikling.
Vi har no ledige stillingar som sjukepleiar i tredelt turnus. Det kan òg vere aktuelt med vikariat eller redusert stillingsprosent dersom dette er ønskjeleg.
Vil du vere med på reisa inn i nye lokale og bidra til å forme framtidas lungemedisinske tilbod?
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Dersom du ønskjer å gjere fortrinnsrett gjeldande, må du opplyse om dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
[email protected]
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 23. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 23. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.