fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 676 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 541 aktive nå, 34 140 arbeidsgivere og 158 652 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Austevoll kommune har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017.
Fastlegeheimelen skal opprettast som ein 0-heimel.
Legekontoret skal opprettast i lokale ved Bekkjarvik torg. Utleigar har lokale og utstyr som kan brukast. Leigeavtale, bustad og utstyr må avtalast mellom den næringsdrivande legen og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette ved legekontoret.
Grunnlaget for heimelen ligg i hovudsak i fastlegeforskrifta og rammeavtale ASA 4310. Kommunen legg også vekt på fastlegeordninga sitt prinsipp om personleg listeansvar.
Formelle kvalifikasjonskrav
Vi søker ein triveleg, engasjert og fagleg trygg lege med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du har eit tydeleg engasjement for allmennmedisin og for pasientane, og arbeider løysingsorientert og pliktoppfyllande i møte med både små og store utfordringar. Interesse for legevakt og akuttmedisin vil òg vektleggast.
Vi ser etter deg som har ei langsiktig motivasjon for å vere med på å utvikle eit godt og velfungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Det er viktig at du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og at du verdset tverrfagleg samarbeid med dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310, i en triveleg kommune. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. Den vil ikkje kunne seljast vidare.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er ein av dei største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5575 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026 og du kan lese meir om ordninga på Lånekassen si heimeside.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Vi ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.