fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 510 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 432 aktive nå, 34 090 arbeidsgivere og 158 315 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ved Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune har vi ledig 100 % fast stilling som fastlege.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit moderne legekontor med stort utviklingspotensial. Kontoret er framleis i oppbyggings- og utviklingsfase, og du vil få høve til å påverke både fagleg retning, struktur og vidare utvikling av praksisen i åra som kjem, med mål om overgang til næringsdrift.
Om arbeidsplassen Osøyro legesenter ligg sentralt i Os, berre ca. 2025 minutt frå Bergen med bil, og har gode bussforbindingar.
Legekontoret flytta inn i nye og moderne lokale i januar 2024. Her arbeider i dag fire legar saman med dyktige helsesekretærar i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg engasjement og korte beslutningsvegar.
Vi er opptekne av å byggje eit stabilt, framtidsretta og godt fagmiljø, der kvalitet i pasientbehandling og trivsel på arbeidsplassen går hand i hand. Oppbygging og vidareutvikling av kontoret vil vere ein viktig del av arbeidet framover, og vi ønskjer oss ein lege som vil vere med og bidra aktivt i denne prosessen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi vil kalle inn til intervju fortløpande så send søknad snarast!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.