fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 686 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 551 aktive nå, 34 144 arbeidsgivere og 158 667 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vi søker tilkallingsvikarar i undervisning i programfag eller fellesfag.
Skulen har jamnleg behov for tilkallingsvikarar innan dei fleste av programområda våre. Det gjeld både fellesfag og programfag.
Programområda våre er:
Fellesfaga og programfaga innanfor dei studieførebuande utdanningsprograma (studiespesialisering og idrettsfag) er engelsk, språkfag (tysk og spansk), matematikk, naturfag, norsk, kroppsøving/idrettsfag, samfunnskunnskap/historie, religion, geografi og økonomi. Programfaga på dei yrkesfaglege programområda krev at ein kan undervise i elektrofag (elektro og datateknologi), økonomi og marknadsføring og reiselivsfag (sal, service og reiseliv), ikt og programeringsfag (ikt og medieproduksjon). For tida har vi eit spesielt behov for vikarar innanfor økonomi og marknadsføring og reiseliv. Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar, inviterer vi deg til å søke. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av faga våre. Registrer deg gjennom å søke på denne stillinga, eller ta kontakt med aktuell avdelingsleiar om du ynskjer meir opplysningar.
Vi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar, og har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire områda/faga skulen tilbyr.
Det er kompetansekrav for å undervise, men andre kan tilsetjast midlertidig dersom ingen søkjarar oppfyller krava for å undervise.
Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein livssituasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss.
Utlysinga har lang søknadsfrist, men vi registrerer og vurderer søknader fortløpande. Avtale blir inngått med kvalifiserte søkjarar etter behov gjennom utlysingsperioda.
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
Vi tilbyr:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Gunhild Snipsøyr, Avdelingsleiar norsk og elevtjeneste, 41674885Bård Ringstad, Avdelingsleiar idrett,språk, samfunnsfag og økonomi, 93040441Karen Topphol, Avdelingsleiar realfag, elektro, IKT og medieproduksjon og sal, service og reiseliv, 41552748Jon Arne Garshol Haram, Rektor, +[phone]
Holsekerdalen 1806065 Ulsteinvik
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 50%VikarSøknadsfrist: 01.05.2027
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.