fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 689 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 554 aktive nå, 34 145 arbeidsgivere og 158 670 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Mare Safety er ein leiande aktør innan utvikling og bygging av spesialbåtar til mellom anna offshore, havbruk, redningstjeneste og offentlig sektor.
Frå våre lokale i Ulsteinvik designar, utviklar og bygger vi spesialtilpassa båtløysingar til kundar over heile verda.
For å styrke organisasjonen vår søkjer vi no ein strukturert og løysingsorientert Teknisk sjef som vil få ei sentral rolle i utviklinga av nye prosjekt, frå dei første ideane og skissene på teiknebrettet til ferdig levert båt.
Du vil bli involvert heilt frå konseptutvikling og designfase, og følgje prosjekta vidare gjennom konstruksjon, produksjon og levering.
Stillinga vil vere ei sentral teknisk støtte for salsavdelinga gjennom utarbeiding av tekniske spesifikasjonar, løysingsbeskrivingar, kalkylar og anna prosjektunderlag - frå idéfase til kontraktsinngåing.
Dette er ei nøkkelrolle for deg som trivst med ansvar, har god teknisk forståing og evne til å koordinere fleire prosjektløp samtidig
Ønskte kvalifikasjonar:
Relevant erfaring
God teknisk forståing og evna til å formidle dette skriftleg
Strukturert og systematisk arbeidsform
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Erfaring med CAD vil vere ein fordel
Eit særs godt og inkluderande arbeidsmiljø
Ei sentral rolle i eit selskap i vekst
100 % stilling med gode vilkår
Ein variert og utfordrande arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke eigne arbeidsoppgåver og bidra til vidare utvikling av selskapet
Spørsmål om stillinga kan rettast til Torstein Teigene (975 32 956) Søknad sendes til [email protected]
Alle førespurnader vert handsama fortruleg.
Mare Safety er ein leiande aktør innan utvikling og bygging av spesialbåtar til mellom anna offshore, havbruk, redningstjeneste og offentlig sektor.
Frå våre lokale i Ulsteinvik designar, utviklar og bygger vi spesialtilpassa båtløysingar til kundar over heile verda.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.