fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 968 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 948 aktive nå, 33 564 arbeidsgivere og 153 805 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/96 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår! Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.
Likar du å jobbe med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?
Vi ynskjer oss ein medarbeider som likar å arbeide med barn og har eit positivt barnesyn. Du likar å samarbeide med andre, er robust, omsorgsfull og tolmodig. Har evne til å skape gode relasjonar og vere løysingsorientert. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg fagleg og arbeide for eit godt arbeidsmiljø.
Leie det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument.
Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.
Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.
Vera aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.
Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.
Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.
Gyldig politiattest må leggast fram før oppstart, jf. Løyve om barnehagar §30
Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Lønn i hht tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Gode utdanningsstipend
Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000
Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/Link til søknadsskjema:
Søk her
Først observert av fakt: 20. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 20. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.