fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 75 373 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 978 aktive nå, 33 373 arbeidsgivere og 151 908 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet.
Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.
Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.
Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hos oss får du:
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
[email protected]
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 19. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 19. okt. 2026.
2 endringer i 5 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.