Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør/sjukepleiar

LHLaboratorieklinikken, Helse Bergen HF
BERGENVikariat Publisert 16 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 50 022 kr – 70 780 kr per måned
HistorikkObservert i 16 dagerFørst observert 29. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 912 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 912 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 222 aktive nå, 32 516 arbeidsgivere og 143 143 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og  høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.

Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast.

Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta  som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.

Arbeidsoppgåver

    Delta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig  
    Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen 
    Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært 
    Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet 
    Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnararReising må påreknast 

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar
    Erfaring innan transfusjonsmedisin 
    Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar      
    Det er ønskeleg med erfaring med undervisning 
    Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking  og kvalitetsarbeid
    Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

    Personlege eigenskapar blir vektlagt 
    Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar 
    Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag 
    Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert 
    Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team 
    Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din 
    Du toler å stå i krevande situasjonar 
    Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik 

Vi tilbyr

    Lønn etter gjeldane overenskomst Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Eit aktivt og triveleg miljø Høgt fagleg nivå 
    Kontinuerlig faglig utvikling 
    Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 29. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 29. sep. 2026.

1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 30. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverLHLaboratorieklinikken, Helse Bergen HF5 stillinger i databasen