Sjukepleiar - Vil du vere med og forme framtidas sjukepleietenester ved BUAS?
ASSykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommuneDatasettet bak annonsen· 74 442 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 442 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 465 aktive nå, 33 050 arbeidsgivere og 148 011 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen.
Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring.
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen.
Er dette deg?
Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar.
Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Om stillinga
Stillinga er fordelt med:
60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane
40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2
I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan:
- kvalitetssikring og forbetringsarbeid
- undervisning og kompetanseheving
- fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar
- palliasjon og avansert sjukepleie
- pasientforløp og dokumentasjon
Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Kvifor velge denne stillinga?
✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid
✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar
✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer
✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø
✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, [email protected]
Arbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 01.11.2026
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.