Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid

HSHelsehuset, Sykkylven kommune
SYKKYLVENFast Publisert 8 dager sidenFrist 22. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet87/100Hvordan?
Lønn82 397 kr
HistorikkObservert i 7 dagerFørst observert 08. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 145 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 145 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 427 aktive nå, 32 614 arbeidsgivere og 143 699 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg!

Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.

Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk.

Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.

Oppmodar menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

    Kartlegging og støttesamtalarMålretta miljøarbeidTilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behovTverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksterntLegemiddelhandteringJournalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
    Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksisHalde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeidBidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørandeOppgåver delegert frå næraste leiar

Kvalifikasjonar

    Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
    Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanningErfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjelegFørerkort klasse BDet stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
    Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

    God munnleg og skriftleg framstillingsevneVere strukturert og løysingsorientertEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement
    Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

    Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

    Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  KollegastøtteGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPGratis parkering

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

[email protected]

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.  Sjå meir frå Sykkylven her!

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.

2 endringer over 3 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 09. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 11. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverHSHelsehuset, Sykkylven kommune1 stilling i databasen