Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter

AAAskvoll kommune Askvoll omsorgssenter
ASKVOLLFast Publisert 2 dager sidenFrist 08. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 41 070 kr – 57 716 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 449 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 449 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 471 aktive nå, 33 051 arbeidsgivere og 148 026 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.

Askvoll omsorgssenter består av:
Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag.
Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie.
Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.

Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:

    80% fast stilling på natt ved Kårstova20% fast stilling på natt ved Kårstova58% fast stilling på natt ved Solstova/Rask20% fast stilling på natt ved Solstova/RaskHelgestillingar frå 10-20% fast

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver:

    Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitetDokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrerMedikamenthandteringDelta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksterntMedverke til god informasjonsflytPliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæringRettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevarMedverke til eit godt arbeidsmiljøEtaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty

Kvalifikasjonar:

    Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrevGode norskkunnskapar munnleg og skriftlegFørarkort klasse B

Personlege eigenskapar

    Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måteGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerPositiv, fleksibel og fagleg engasjertEvne til å samhandle og arbeide tverrfaglegLike utfordringar og er løysingsorientertHa evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr

    Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljøMogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordningArbeid etter 35,5 t/veke og på helgMogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I stadenfor vanlege vakter kvar tredje helgGode pensjonsordningar gjennom KLPFlyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune

Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Søk her

Om bedriften

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 17. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAAAskvoll kommune Askvoll omsorgssenter3 stillinger i databasen