Helsefagarbeidar

SOStrandebarm omsorg
STRANDEBARMFast Publisert 20 t sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 41 775 kr – 68 377 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 15. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 404 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 404 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 648 aktive nå, 32 723 arbeidsgivere og 144 336 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!

    80 % fast stilling Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, tiltreding etter avtale Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helg

Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm.

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. 

Arbeidsoppgåver

Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.

    Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstendeMiljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivselOppgåver knytt til pasientoppfølging Dagleg journalføring i Gerica

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som helsefagarbeidarEr du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkjaDu må kunne arbeida sjølvstendig og i teamDu må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2Gode kommunikasjonsevnerMå ha førarkort på bil

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

    Gode samarbeidsevnerFleksibel og sjølvstendig i arbeidetDu må ha positiv innstilling Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert

Vi tilbyr

    Variert arbeidsdagar med arbeid både inne i institusjon/omsorgsbustad og ute i heimetenestaGode kollegaer i eit godt fag -og arbeidsmiljøÅrsturnus med moglegheit for langvakterLøn etter gjeldande tariffavtale  og lokalt lønnsystemGode pensjons-/ forsikringsordningar

Generell informasjon:

    Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenestaMe gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, [phone]

Arbeidsstad

Tangeråsneset 255630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastStartdato: 01.12.2026Søknadsfrist: 01.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 15. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 15. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSOStrandebarm omsorg2 stillinger i databasen