Avdelingsleiar i heimetenesta Selje/Stadlandet - vikariat

HSHeimetenesta, Stad kommune
SELJEVikariat Publisert 17 t sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 119 kr – 59 069 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 15. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 380 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 380 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 614 aktive nå, 32 718 arbeidsgivere og 144 266 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som leiar for avdelinga Selje/Stadlandet frå snarast råd til 01.10.2027, med moglegheit for forlenging ut 2027.

Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta inneber ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få høve til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.

Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.

Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du ønskjer å skape gode resultat, trivast med ansvar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga og bidra til å forme framtidas tenester i heimetenesta i Stad kommune.

Arbeidsoppgåver

    Leie den daglege drifta i eininga saman med leiarteam
    Utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette Dagleg oppfølging i ajourhald i RS og vikarbookingOppfølging av tilsette ved sjukefråverMedansvar for faglege vurderingar, rettleiing av personale og utvikling av einingaAnsvar for møter med aktuelle samarbeidspartnararOppfølging av internkontrollsystem Delta i økonomistyring og ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiarOrganisering av lærlingar og studentarMedansvar i rekrutteringsprosessarOppfølging nytilsette i samarbeid med personale

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som sjukepleiar.Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar.Ha god rolle-, system- og organisasjonsforståing.Vere oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverkKunne tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskapHa gode strategiske og analytiske evnerHa gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegMå ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

    Er strukturert, nøyaktig og systematiskHar god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeidEr sjølvstendig, løysingsorientert og endringsvilligEr fagleg engasjert og oppteken av kvalitet og utvikling i tenesteneHar gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit og tryggleikEr tydeleg og trygg i leiarrolla, og har evne til å ta avgjerder og følgje desse oppHar evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidararHar god gjennomføringsevne og evne til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardagEr fleksibel og handterer utfordringar og endringar på ein konstruktiv måteHar evne til å sjå heilskapen og bidra til samarbeid på tvers av fagområde og teneste

Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.

Vi tilbyr

    Godt og nært tverrfagleg samarbeidGodt arbeidsmiljøHøve til fagleg utviklingLøns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
    Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Oppgje referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, [email protected]

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSøknadsfrist: 01.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 15. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 15. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverHSHeimetenesta, Stad kommune3 stillinger i databasen