Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb?
KKKinn kommuneDatasettet bak annonsen· 73 393 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 393 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 640 aktive nå, 32 720 arbeidsgivere og 144 310 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du gjere ein forskjell kvar dag?
Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter!
Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass?
På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane.
Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar. Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du:
Bidreg til at brukarane opplever meistring, tryggleik og livsglede
Brukar fagkompetansen din til å finne gode løysingar i møte med ulike behov
Samarbeider tett med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
Får vere med på utvikling av tenestene våre
Tek del i eit arbeidsfellesskap prega av fagleg engasjement, omsorg og arbeidsglede
Får moglegheit til å utvikle deg fagleg gjennom opplæring, rettleiing og refleksjon
Kvalifikasjonar
Vi søkjer:
Sjukepleiarar
Vernepleiarar
Helsefagarbeidarar
Pleiemedarbeidarar
Er du elev, student eller vurderer ei utdanning innan helse? Då oppfordrar vi deg også til å søkje
Kven er du ?
Vi ser etter deg som:
Har positive haldningar og set brukaren i sentrum
Er omsorgsfull, reflektert og empatisk
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Ønskjer å lære og utvikle deg fagleg
Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor velje Kulatoppen?
Hos oss får du meir enn ein jobb.
Du blir ein del av eit engasjert lag som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og livsglede for brukarane våre.
Vi kan tilby:Spennande og varierte arbeidsoppgåverGod opplæring og tett oppfølgingDyktige og inkluderande kollegaerFagleg utvikling og kompetansehevingKompetanselønEtisk refleksjon og fagleg samarbeidGode pensjons- og forsikringsordningarLøn etter gjeldande tariffavtaleRyddige arbeidsforholdDette får du i tillegg:💙 Ufaglærte kan få 100 % stilling dersom dei ønskjer å binde seg til å ta relevant utdanning.💙 Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får eit ekstra årleg tillegg på kr 35 000.💙 Vi har avtale om frivillige langvakter på 12,5 timar for dei som ønskjer dette.
Kontaktinformasjon
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsehistorikk (6 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 21. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 24. sep. 2026.
2 endringer over 3 dager i 6 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 24. sep. 2026
- Tittel endretVil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb kvar dag?Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb?
- Frist endret04. okt. 202631. okt. 2026
- 24. sep. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.