Operatør - politibetjent 3/2/1

ÅLESUNDFast Publisert 1 dag sidenFrist 28. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet78/100Hvordan?
Lønn16 667 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 14. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Yrke2
Operatør · 1 aktive nå

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!

I denne stillinga er det moglegheit for tilpassa personleg turnus etter nærmare avtale. Eksempelvis berre arbeid på natt eller intensive arbeidsperiodar som gir lengre friperiodar. Vi kan også tilby noko redusert stillingsprosent, dersom du ønskjer det. Ein vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg.

Fram til og med 15. november 2026 tilbyr vi eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

    handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktethandtere 02800 anrop og hovudnummer til politidistriktetplanlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiarutføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COPsørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørarbidra til å sette i verk straksetterforskinginvolvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysingakan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

    fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk, og gode kommunikasjonsevnerplettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg

Det er også ønskjeleg med

    erfaring frå politistillingerfaring frå operasjonssentralrelevant tilleggsutdanning

Personlege eigenskapar

    gode haldningar og samarbeidsevnerhøg stresstoleranseinitiativrik

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

    ein utfordrande og spennande arbeidsplass på operasjonssentralen i Ålesundfast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
      politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. [phone]politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. [phone]politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. [phone] For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
    eingongsutbetaling for tilsette som forpliktar seg til stilling som operatør i minst 2 år (kr. 150 000) eller i minst 3 år (kr. 200 000). Avtale må inngåast innan 15. november 2026.ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for områdetgodtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnustenestemedlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no.Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.tilknyting til bedriftshelseteneste 

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Slik søkjer du

Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcVideo:

https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.