Rådgjevar/administrativ koordinator ved Institutt for geovitenskap
UAUNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONENDatasettet bak annonsen· 73 308 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 308 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 537 aktive nå, 32 683 arbeidsgivere og 144 053 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Rådgjevar
Ved Institutt for geovitskap er det eit ledig vikariat i 100% stilling som rådgjevar / administrativ koordinator for det nasjonale nettverket Centre for Integrated Earth System Education (iEarth) og Centre for Mountains in Transitions (CMT). Vikariatet er for 9 månader, med moglegheit for forlenging.
Ønska oppstart i stillinga er 4. januar 2027.
Ansvarsomårde og arbeidsoppgåver
Stillinga har arbeidsplass ved Institutt for geovitskap (GEO) og vil vere ein del av administrasjonen ved GEO. Den tilsette vil ha ei sentral rolle knytt til administrativ koordinering av både lokale og nasjonale aktivitetar innan utdanning, samhandling og forsking.
Stillinga omfattar administrativ koordinering av det nasjonale geovitskaplege nettverket iEarth, administrativ koordinering av Centre for Mountains in Transition (CMT), samt studieadministrative oppgåver ved instituttet. Den tilsette vil arbeide tett med fagleg leiing, forskarar, studentar og administrativ stab, og bidra til å sikre god drift, samhandling og utvikling på tvers av fleire satsingar.
iEarth er eit nasjonalt nettverk innan geovitskapleg utdanning, etablert gjennom ordninga Senter for framifrå utdanning (SFU). Etter at SFU-finansieringa vert avslutta, skal nettverket bli vidareført med same målsetjing om å styrke kvaliteten på geovitskapleg utdanning gjennom lokalt og nasjonalt samarbeid.
Centre for Mountains in Transition (CMT) er eit forskingssenter som samlar forskarar og samarbeidspartnarar kring forsking på fjellområde i endring. Stillinga vil bidra til den administrative drifta av senteret og støtte opp under aktivitetar, arrangement og kommunikasjon.
Stillinga omfattar òg administrativt ansvar for GEOV298 Geopraksis, inkludert koordinering mellom studentar, fagmiljø og praksisvertar. Den som vert tilsett, vil samarbeide tett med studieadministrasjonen ved instituttet.
Døme på sentrale arbeidsoppgåver er:
Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne. Stillinga inngår i den administrative staben ved Institutt for geovitskap og har administrasjonssjefen som personalleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og senterleiar Jostein Bakke, e-post: [email protected], telefon [phone] eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, e-post: [email protected], telefon [phone].
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.