Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt

KOKviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune
KVITESEIDFast Publisert 2 dager sidenFrist 06. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet63/100Hvordan?
LønnAnslått 39 423 kr – 58 817 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 14. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 202 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 202 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 442 aktive nå, 32 630 arbeidsgivere og 143 781 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta?

Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d.

Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre.

Om arbeidsplassen :
Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling.
Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling.
Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta.

Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

· Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt· Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon· Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar· Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer· Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes· Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta· Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov· Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt· Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid· Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonell

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
· God digital kompetanse
· Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid

Det er ønskjeleg med erfaring frå:
· Sjukeheim eller kommunehelsetenesta
· Demensomsorg
· Korttids- og rehabiliteringsavdeling
· Palliasjon
· KOLS- og diabetesoppfølging

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:
· Er fagleg trygg og sjølvstendig
· Har gode observasjons- og vurderingsevner
· Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar
· Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Er strukturert og løysingsorientert
· Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
· Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

· Fast nattstilling i 52,11 %· Årsturnus· Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver· Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene· Moglegheit til å utvikle kompetanse· Intern og ekstern undervisning· Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening· Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning· Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humor

Kontaktinformasjon

Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +[phone], [email protected]

Arbeidsstad

Lundenvegen 303850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 52,11%FastSøknadsfrist: 06.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverKOKviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune2 stillinger i databasen