Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta

SBSogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
BALESTRANDFast Publisert 4 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet65/100Hvordan?
LønnAnslått 43 446 kr – 60 930 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 121 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 121 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 403 aktive nå, 32 608 arbeidsgivere og 143 655 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!

Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d.

For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg.

Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.

Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

    Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjonOppgåver i tilknyting til legevaktssatellittenHeilskapleg pleie og omsorgRettleiar for studentar/lærlingar og andreDelta i tverrfagleg samarbeidOppfølging av dokumentasjon i journalsystemetMedansvarlig for eit godt læringsmiljøBidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

    PasientflytPasientjournalsystem - LMPSamarbeid med spesialist og primærhelsetenestaMedikamenthandteringLegevisittarTverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

    Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjonBeherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologiFørarkort

Personlege eigenskapar

    LøysingsfokusertFagleg engasjert og trygg på eigen kompetanseGode samarbeids- og kommunikasjonsevneFleksibel, ansvarsfull og serviceinnstiltHa evne og interesse for eldreomsorgPersonlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

    Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.Gode pensjons- og forsikringsordningarGode velferdsordningarGodt fagleg miljøLønn etter tariff, med fastsatt lønnstillegg for legevaktssatellitten.Tilrettelagt årsturnusMoglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSBSogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste5 stillinger i databasen